2023 er eit stort år for Ytre Suløen Jass-ensemble. Då er det 50 år sidan nokre sunnmøringar frå Langevåg deltok med 3 låtar i Nitimen utan å ha spela ein einaste konsert! Deretter tok det av! Det vart utallige konsertar både her heime og utanlands!
Med tradisjonell jazz frå New Orleans har dei gledd folk både i Noreg og ute i verda! I 1976 dro dei til New Orleans Jazz og Heritage festival. Sidan den gong her det blitt utallige konsertar og turnear i mange verdsdelar. Bandet har i dag med seg Tricia Boutte som har flytta til Norge fra New Orleans. Bandet gjer stadig kyrkjekonsertar og klubbopptredenar og har også kor og korps som inspirerte samarbeidspartnarar, i jazz,blues og gospel. I 1995 tok dei initiativ til ungdomsparadebandet "jazzlogen" i Molde. Dette er no eit fargerikt syn under Moldejazzen kvart år.
I Fitjar kyrkje vil me høyra mykje gospelmusikk, og dei vonar å opna varme hjerte og gje energi til lyttarane. Triccia Boutte sin fantastiske stemme vert løfta fram av resten av bandet som også vil glimra med solistiske innslag og pur speleglede!